County Tipperary
From Wikipedia, the free encyclopedia
County Tipperary (irsk Contae Thiobraid Árann) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster. Mellom 1838 og 2014 var Tipperary delt i to: North Tipperary og South Tipperary. Dei vart sameinte att gjennom Local Government Reform Act 2014.[1] Grevskapet har namn etter byen Tipperary. Dei største byane er Clonmel, Nenagh og Thurles.
County Tipperary | |||
Contae Thiobraid Árann | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Nord: Nenagh Sør: Clonmel | ||
Areal | 4 303 km² | ||
Folketal | 149 040 (2006) | ||
Folketettleik | 35 / km² | ||
Provins | Munster | ||
Bilnummer | Nord: TN Sør: TS | ||
County Tipperary 52.666666666667°N 7.8333333333333°W / 52.666666666667; -7.8333333333333 | |||
| |||
Wikimedia Commons: County Tipperary | |||
County Tipperary grensar til Galway og Offaly i nord, Laois og Kilkenny i aust, Waterford og Cork og Limerick og Clare i vest.
North Tipperary hadde administrasjonsbyen Nenagh og South Tipperary hadde administrasjonsbyen Clonmel. Denne delinga skjedde formelt alt ved opprettinga av de noverande grevskapa i 1898, og de facto er delinga av enno eldre dato. Dei to delane vart ei periode kalla ridings, men dette namnet vart avskaffa fordi det var ukorrekt; riding kjem frå gamalengelsk thriding, tredjedel, og vart brukt når eit område vart delt i tre.
Grevskapet er særleg kjend for hesteavl. Coolmore Stud er den største hesteoppdrettaren i verda. Det har òg særs godt jordbruksland.