Dei kvite klippene ved Dover
From Wikipedia, the free encyclopedia
- For songen, sjå (There'll Be Bluebirds Over) The White Cliffs of Dover.
Dei kvite klippene ved Dover (engelsk White cliffs of Dover) er kalkklipper langs den britiske kysten som vender mot Doversundet og Frankrike. Klippene er ein del av formasjonen North Downs. Klippeveggen har ei høgd på opp til 107 meter,[1] og består av kvitt krit (heilt kvit kalsiumkarbonat) med striper av svart flintstein innimellom. Klippene strekkjer seg aust og vest frå byen Dover i grevskapet Kent. Dover er ein gammal hamneby i England.
Klippene har stor symbolsk verdi for England sidan dei vender mot det europeiske fastlandet ved den smalaste delen av Den engelske kanalen. Gjennom historia har mange invasjonar trua britane her og klippene har vore ei symbolsk vakt. Vegen over Doversundet var den vanlegaste vegen til England før flyreiser vart vanleg. Dei kvite klippene er det siste ein ser når ein forlèt landet denne vegen, og er på ein klår dag synlege frå Frankrike på den andre sida. Klippene kan til og med ha gjeve England sitt latinske namn, «Albion», som kan vera avleidd av albus, 'kvit'.[2]
Shakespeare Cliff markerer staden der England er nærast det europeiske fastlandet.