Den heilage alliansen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den heilage alliansen var ein allianse som vart inngått mellom Russland, Austerrike og Preussen i 1815 på initiativ av tsar Aleksander I av Russland. Allianseavtala vart underteikna av dei tre maktene i Paris den 26. september 1815. Føremålet var å stå vakt om freden og den kristne verda, derav namnet til alliansen. Alliansen kom i stand sjølv om dei tre landa hadde ulike kristne konfesjonelle preferansar: Russisk-ortodoks (Russland), katolsk (Austerrike) og luthersk (Preussen).
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Den svært religiøse Aleksander, etter påverknad frå rådgjevaren sin baronesse Barbara von Krüdener, såg på at dei europeiske herskarane burde styrast av kristen miskunn og fredsvilje. Fyrstane forplikta seg til i Treeininga sitt namn å herska over folk som fedrar og støtte kvarandre i dette føremålet.[1][2]