EM i fotball 2021
From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i fotball 2021 var den 16. europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart arrangert i elleve byar i elleve europeiske land frå 11. juni til 11. juli 2021.
EM i fotball 2021 | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Arrangement | ||||||
Lag i sluttspelet | 24 | |||||
Vertsland | 11 forskjellige land | |||||
Arenaer | 11 (i 11 byar) | |||||
Dato | 11. juni — 11. juli 2021 | |||||
Plasseringar | ||||||
Meister | Italia | |||||
Andreplass | England | |||||
Kampar | ||||||
Toppskårar | Cristiano Ronaldo Patrik Schick (5 mål) | |||||
Beste spelar | Gianluigi Donnarumma | |||||
Navigasjon | ||||||
|
Meisterskapen skulle ha vore arrangert i juni og juli 2020, men på grunn av koronavirusutbrotet i 2019–2020 vedtok UEFA 17. mars 2020 å utsetje meisterskapen til 2021.[1]
24 land deltok i meisterskapen.
Dei 51 kampane vart spelte på 11 baner i 11 byar; Amsterdam, Baku, Bucureşti, Budapest, Glasgow, København, London, München, Roma, Sevilla og St. Petersburg. Årsaka til at meisterskapen vart spelte i elleve ulike land, var at det i 2020 var 60 år sidan den fyrste europameisterskapen i fotball for menn vart arrangert. Finalen fann stad på Wembley stadion i London 11. juli 2021.
Italia vann europameisterskapen for andre gong, etter å ha slege England i finalen på straffesparkkonkurranse.[2]