Edinburgh of the Seven Seas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Edinburgh of the Seven Seas er den einaste busetnaden i øygruppa Tristan da Cunha. På øya er han berre kjend som «busetnaden» (eng. The settlement) eller «landsbyen» (eng. The village) sidan det ikkje finst andre busetnader.[1]
Edinburgh of the Seven Seas er rekna for å vera den mest avsidesliggjande busetnaden på jorda og ligg 2 173 kilometer frå næraste busetnad, som er St. Helena.[2] I landbyen er det ei lita hamn, eit postkontor og bustaden til administratoren, som leiar dei lokale myndigheitene.