Emerson, Lake & Palmer
engelsk progressive rock-band / From Wikipedia, the free encyclopedia
Emerson, Lake & Palmer (ELP) var ei engelsk progressiv rock-gruppe, ei supergruppe, skipa i London i 1970.[2] Bandet bestod av klaverspelaren Keith Emerson; songaren, bassisten, gitaristen og produsenten Greg Lake; og trommeslagaren og perkusjonisten Carl Palmer. Med album som selde til gullplate i USA,[3] og eit samla salstal på 48 millionar verda over,[4] har dei vore eit av dei mest populære og suksessrike progressive rockebanda i 1970-åra,[5][6] med ein stil som blanda klassisk musikk med jazz og symfonisk rock, dominert av den ekstravagante måten Emerson spelte Hammondorgel, Moog synthesizer og piano. Lake skreiv i tillegg fleire akustiske songar for gruppa.[7]
Emerson, Lake & Palmer | |||
Bandet i Toronto i 1978 | |||
Opphav | Croydon i London | ||
---|---|---|---|
Aktiv |
| ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | |||
Tidlegare medlemmer | Keith Emerson Greg Lake Carl Palmer |
Bandet vart kjend etter konserten deira på Isle of Wight-festivalen i august 1970. I løpet av det første året sitt, signerte gruppa kontrakt med E.G. Records (som distribuerte platene deira på Island Records i Storbritannia og Atlantic Records i Nord-Amerika), og gav ut Emerson, Lake & Palmer (1970) og Tarkus (1971), som begge nådde topp fem på den britiske albumlista. Suksessen til bandet heldt fram med Pictures at an Exhibition (1971), Trilogy (1972) og Brain Salad Surgery (1973, utgjeve på ELP sitt eige Manticore Records). Etter ein tre år lang pause gav Emerson, Lake & Palmer ut Works Volume 1 (1977) og Works Volume 2 (1977). Etter Love Beach (1978) vart gruppa oppløyst i 1979.
Bandet vart dels samla att i 1980-åra som Emerson, Lake & Powell med Cozy Powell på trommer i staden for Palmer. Robert Berry erstatta så Lake medan Palmer kom attende og skipa 3. I 1991 gav den originale trioen ut to album til, Black Moon (1992) og In the Hot Seat (1994), og turnerte stundom mellom 1992 og 1998. Den siste konserten deira fann stad i 2010 på High Voltage Festival i London i høvet 40-årajubileet deira. Både Emerson og Lake døydde i 2016,[8][9][10] og Palmer var det einaste medlemmet som var att i bandet.