Erik Bye
From Wikipedia, the free encyclopedia
Erik Erikssøn Bye (1. mars 1926–13. oktober 2004) var ein norsk songar, journalist og programleiar i fjernsyn.
Erik Bye | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mars 1926 Brooklyn |
Død |
13. oktober 2004 (78 år) |
Yrke | journalist, visesanger, skodespelar, lyrikar, plateartist |
Sjanger | vise |
Far | Erik Bye |
Ektefelle | Tove Bye |
Erik Bye på Commons |
Erik Bye vart karakterisert som ein høvding i norsk kulturliv, og var involvert i fleire av dei tidlegaste fjernsynsprogramma i NRK. I samarbeid med Willy Andresen skreiv han ei rad melodiar.[1]
Erik Bye vekte stor oppsikt då han lét ei gruppe psykisk utviklingshemma barn og ungdommar opptre med Folk og røvarere i Kardemomme by på norsk fjernsyn, noko som aldri var gjort tidlegare. Han mottok i ettertid eit brev der ei mor med eit eige psykisk utviklingshemma barn takka han fordi han framstilte dei på ein verdig måte. Han gjorde ein stor innsats for Redningsselskapet gjennom store delar av livet sitt, og fekk nokre år før han døydde honnør for dette langvarige arbeidet ved å oppleve at ei redningsskøyte vart oppkalla etter seg.
Han hadde Master of Arts i faga engelsk, journalistikk og dramaturgi frå University of Wisconsin (1953). Han var journalist i Associated Press (1953-1955), BBC si norske avdeling (1955-1958), og sidan i NRK.
Bye var fødd i Brooklyn i New York i USA. Han var son av Rønnaug Dahl og operasongaren Erik Ole Bye. Han var seinare gift med Tove Bye og busett i Asker.
Dokumentarfilmen Giganten (2005) skildrar Byes tre siste leveår og den siste offentlege opptredenen hans.