Eurovision Song Contest 1962 (ESC 1962) var den sjuande gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Villa Louvigny i Luxembourg i Luxembourg. Finalen fann stad søndag 18. mars. Frankrike vann konkurransen med songen «Un Premier Amour», framført av Isabelle Aubret på fransk.
Nye reglar på poengfordelinga var på plass, der kvar nasjon delte ut 3, 2 og 1 poeng basert på 10 jurymedlemmar. Spania, Nederland, Belgia og Austerrike fekk alle den tvilsame æra av å vere dei fyrste bidraga i konkurransen som ikkje fekk nokon poeng.