Eurovision Song Contest 1972 var den 17. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).
Kjappe fakta Dato, Vertskap ...
Eurovision Song Contest 1972 |
|
|
|
Offisiell tittel 17. Eurovision Song Contest |
|
Dato |
Finalen | 25. mars 1972 |
Vertskap |
|
Programleiar(ar) Moira Shearer |
|
Varigskap |
Opningsnummer |
Pausenummer |
Bidrag |
|
Kart |
ESC 1972 Map.svg
|
██ Land som deltok i tevlinga██ Land som ikkje deltok i tevlinga |
|
Røysting |
|
Eurovision Song Contest |
|
Close
Det var 18 land som deltok, og vinnaren blei Luxembourg med låten «Après toi», framført av Vicky Leandros. Noreg blei for fyrste gong representert av ein duo: Grethe Kausland og Benny Borg. Dei song «Småting» og blei nummer 14 av 18.
Tevlinga blei arrangert laurdag 25. mars 1972 i Usher Hall i Edinburgh i Storbritannia. Eigentleg skulle Monaco ha stått vertskap etter å ha vunne året før, men den monegaskiske kringkastaren hadde verken økonomi eller kapasitet til å arrangere finalen. Dimed trådde BBC inn som vert, slik kringkastaren også hadde gjort i 1960 og 1963. Dette var fjerde gongen Storbritannia arrangerte finalen, og programleiaren var Moira Shearer.