Falcon 9
From Wikipedia, the free encyclopedia
Falcon 9 er ein 70 meter høg tostegsrakett frå SpaceX.[1] Fyrstesteget på raketten har landa på jorda etter vellukka oppskyting fleire gonger, mellom anna på droneskip til havs.[2] Falcon 9 er den fyrste privatbygde raketten som har skote menneske opp i bane kring jorda.[3]
31. mars 2017 norsk tid vart eit Falcon 9-fyrstesteg nytta om att for fyrste gongen då det skaut opp kommunikasjonssatellitten SES-10. Dette fyrstesteget hadde skote opp last til Den internasjonale romstasjonen 8. april året før. Dette var fyrste gongen ein rakett i stand til å setja ting inn i jordbane hadde vore nytta om att sidan dei amerikanske romferjene.[4] Seinare vart endå eit Falcon 9-fyrstesteg nytta om att.[5]