Florø
From Wikipedia, the free encyclopedia
Florø er ein by i Noreg, den vestlegaste byen i landet. Han er administrasjonssenter i Kinn kommune saman med Måløy. Han var også administrasjonssenter i tidlegare Flora kommune i Sogn og Fjordane fylke. Florø hadde bystatus frå 1860 etter utskiljinga frå Kinn kommune og fram til 1964, då byen vart slegen saman med kommunane Kinn, Bru og Eikefjord til bykommunen Flora.
Florø | |||
stad | |||
Florø i november 2009 Foto: Hjorthefoto | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kinn | ||
Areal | 6,84 km² | ||
Folketal | 9 015 (2023) | ||
Folketettleik | 1 318 / km² | ||
Preposisjon | i Florø | ||
Florø 61.598611111111°N 5.0172222222222°E / 61.598611111111; 5.0172222222222 | |||
Wikimedia Commons: Florø | |||
Næringslivet i Florø er eksportretta og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Byen er stoppestad for Hurtigruta. Byen trekk folk mellom anna gjennom det årlege Kinnaspelet og ein rockefestival. Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet gjev eit historisk perspektiv.
Byen vart grunnlagd på øya Florelandet og har sidan spreidd seg til naboøya Brandsøya.