Frankfurt am Main
From Wikipedia, the free encyclopedia
Frankfurt am Main er ein by ved elva Main i Tyskland og den største byen i delstaten Hessen og den femte største i landet. Han har eit innbyggjartal på litt over 670 000, men det urbane området går langt ut over bygrensene, og sjølve storbyområdet har nesten 6 millionar innbyggjarar. Dette er det nest største storbyområdet i Tyskland.
- Sjå òg Frankfurt an der Oder
Frankfurt am Main | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Hessen Darmstadt Kreisfri by |
Grunnlagd | 1. hundreåret |
Geografi | |
Flatevidd - By |
248,31 km² |
Innbyggjarar - By (2008-03-31) - folketettleik - Storbyområde |
670 095 2 666/km² 5 800 000 |
Koordinatar | 50°06′37″N 08°40′56″E |
Høgd over havet | 112 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 60001-60599, 65901-65936 |
Telefon-retningsnummer | 069, 06109, 06101 |
Bilnummer | F |
Heimeside: www.frankfurt.de |
Frankfurt er eit senter for økonomi og transport i Tyskland. Her ligg mellom anna Den europeiske sentralbanken, Frankfurt-børsen og er i lag med Paris ein av dei to største finansmetropolane i Europa. I følgje Liverpool University var Frankfurt den rikaste byen i EU i 2001 målt etter BNP per innbyggjar.[1]
Vanlegvis vert byen berre kalla Frankfurt, sjølv om tyskarane stundom brukar det fulle namnet for å skilje han frå den mykje mindre byen Frankfurt an der Oder i Brandenburg.