Frygarar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Frygarar var eit indoeuropeisk folk i oldtida i Anatolia i dagens Tyrkia, som opphavleg kom frå sørlege Balkan. I samsvar med den greske historikaren Herodot var dei først kjent som brygarar (eller brigarar, gresk bρύγοι eller bρίγες), som vart endra til frygarar etter at dei endeleg utvandra til Anatolia (Vesleasia) via Hellespont (Dardanellane).
Frå ei byrjing som stammefolk i landsbyar oppstod staten Frygia (gresk: Φρυγία, latin: Phrygia) på 700-talet fvt. med hovudstad i Gordion, rundt 70–80 km sørvest av dagens hovudstad Ankara i Tyrkia. I løpet av denne perioden utvida frygarane riket sitt austover og og inn i kongedømet Urartu, etterkomarane av hurrittarar, ein tidlegare rival av hettittane. Deretter vart det frygiske kongedømet ein gong rundt 690 fvt. invadert av kimmeriarar, eit indoeuropeisk ryttarfolk som i samsvar med Herodot kom frå området nord for Kaukasus, som herja og øydela Gordion. Deretter vart landet kortvarig erobra av nabolandet Lydia før det vart overteke av det persiske riket ved Kyros den store og riket til Aleksander den store og hans hellenistiske etterfølgjarar. Det vart til sist overteke av Attaliddynastiet i Pergamon før det til sist vart ein del av Romarriket. Den siste dokumentert nemninga av språket frygisk var på 400-talet evt. og det var truleg gått heilt ut av bruk før 600-talet evt.[1]