Fugleslekta Ara
slekt av papegøyefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Fugleslekta Ara er ei neotropisk slekt av store papegøyar med åtte nolevande artar og minst to kjente utdøydde artar.[1] Papegøyane i slekta Ara er kraftfulle fuglar med lange halar, lange smale venger og fjørdrakt i praktfulle farger. Dei har alle eit karakteristisk område i andletet og rundt auga med berr hud. Kjønna har lik fjørdrakt. Mange av medlemmene i slekta er populære handelsvarer som burfuglar, og fuglesmugling er ein trussel mot fleire Ara-artar.
Fugleslekta Ara | |
Raudara, Ara macao | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Parakittar Psittacoidea |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Underfamilie: | Arinae |
Slekt: | Fugleslekta Ara Ara Lacépède, 1799 |
Ara, engelsk macaw, er òg eit samnamn på store, neotropisk papegøyar, til saman ca. 16 artar i seks slekter.