Furufamilien
From Wikipedia, the free encyclopedia
Furufamilien (Pinaceae) er den største av dei åtte bartrefamiliane.[1] Han består av 220-250 artar fordelt på 11-12 delgrupper, litt avhengig av korleis artar og slekter vert definerte. Trea i furufamilien er vanlegvis eviggrøne,[1] unntaket er lerka som feller nålene om hausten. Dei er vanlegvis sambu, dvs at dei har hann- og hoblomstrar på same individ.[1] Hannblomstrane består av nokre skjel nedst og talrike pollenberarar, kvar med to pollensekker. Hoblomstrane er samla i blomsterstander (konglar). Ein hoblomster består av eit kongleskjel med to frøemne og eit ytre dekkskjel. Frøa ligg nakne og furufamilien høyrer til dei nakenfrøa blomsterplantane. Det vil seie at det ikkje vert danna noka ekte frukt hos desse plantane.
Furufamilien | |
Furu | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Pteridobiotina |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Cycadophytanae |
Rekkje: | Bartre Pinophyta |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae F.Rudolphi, 1830 |
Bortsett frå ein art, Pinus merkusii, kjem alle dei 255 furuartane frå område nord for ekvator. Dei fordeler seg på to grupper eller underfamilier, den eine med berre éi slekt, furu. Den andre, grangruppa, omfattar 10 slekter.[1]