Førde kommune
Tidlegare kommune i Sogn og Fjordane / From Wikipedia, the free encyclopedia
Førde er ein tidlegare norsk kommune i Sunnfjord i tidlegare Sogn og Fjordane fylke på Vestlandet. Namnet Førde kjem av "firði", som tyder "inst i fjord". Førde kommune strekkjer seg frå inst i Førdefjorden til Jostedalsbreen. Han grensar til Jølster ved Moskog, til Sogndal på Jostefonn, til Gaular ved Rørvikfloten i Haukedalen og ved Langeland, til Askvoll vest for Heilevang og til Naustdal frå stranda aust for Naustdal sentrum og i øvre Angedalen. Førde var den største kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal frå 2007, då han vart større enn Flora kommune. 1. januar 2020 vart Førde ein del av den nye Sunnfjord kommune.
- Denne artikkelen handlar om kommunen Førde i Sogn og Fjordane. For tettstaden Førde i Hordaland, sjå Førde i Sveio.
Førde kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Adm.senter | Førde | ||
Areal | 586 km² | ||
- land | 555 km² | ||
- vatn | 31 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Olve Grotle (H) | ||
Kommunenr. | 1432 | ||
Førde 61.443055555556°N 5.9036111111111°E / 61.443055555556; 5.9036111111111 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Førde (former municipality) | |||
Nettstad: www.forde.kommune.no | |||
Tettstaden Førde har hatt ein kraftig vekst dei seinare åra, og utvikla seg til å bli eit senter både i kommunen og i fylket. Førde er i dag ein moderne bygdeby med handel, service, helsevesen, kommunikasjon, utdanning og kultur.
Flyplassen Førde lufthamn, Bringeland ligg i nabokommunen Gaular.