Gravstikka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gravstikka, ofte kalla Meiselen (frå latin Caelum), er eit lyssvakt stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula, innført i 1750-åra av Nicolas Louis de Lacaille. Det er det åttande minste stjernebiletet.
Meir informasjon Latinsk namn, Forkorting ...
Gravstikka (Meiselen) | |
---|---|
Latinsk namn | Caelum |
Forkorting | Cae |
Genitivsform | Caeli |
Symbologi | Namngitt av la Caille |
Rektasensjon | 5 h |
Deklinasjon | −40° |
Areal | 125 kvadratgrader nr. 81 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | α Cae (4,45. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +40° og −90° | |
Close
Sidan det er lite og ligg utanom planet til Mjølkevegen, er Gravstikka eit heller nakent stjernebilete, med få interessante objekt. Den mest lyssterke stjerna, Alfa Caeli, har berre storleik 4,45, og den einaste andre stjerna (Gamma1 Caeli) er rundt storleik 5. Andre kjende objekt i Gravstikka er RR Caeli, ei dobbeltstjerne med ein planet kring 65,7 lysår unna. X Caeli er ein Delta Scuti-variabel som dannar ei optisk dobbeltstjerne med Gamma1 Caeli, og HE0450-2958, ein Seyfert-galakse.