Staffeliet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Staffeliet (frå latin Pictor) er eit lyssvakt stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula, mellom den lyssterke stjerna Canopus og Den store magellanske skya. Den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet er Alfa Pictoris, ei kvit hovudseriestjerne med tilsynelatande storleik 3,3 kring 97 lysår frå jorda. Staffeliet har òg stjernesystemet RR Pictoris, ein kataklysmisk variabel som blussar opp som ein nova. I 1925 nådde ho storleiksklasse 1,2 før ho vart gradvis svakare.
Staffeliet | |
---|---|
Latinsk namn | Pictor |
Forkorting | Pic |
Genitivsform | Pictoris |
Symbologi | Namngitt av la Caille] |
Rektasensjon | 5 h |
Deklinasjon | −55° |
Areal | 247 kvadratgrader nr. 59 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | Alfa pictoris (α Pic) (3,25. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +?° og −90° | |
Beta Pictoris er den nest mest lyssterke stjerna og ligg 63,4 lysår frå jorda. Ho er omgjeve av ei uvanleg støvskive med mykje karbon, i tillegg til ein eksoplanet. Ein har funne fem andre stjerner i stjernebiletet som har planetar. Den nærmaste stjerna til jorda i stjernebiletet er Kapteynstjerna, ein raud dverg som ligg 12,76 lysår unna i kulehopen Omega Centauri som vart slukt av Mjølkevegen. I 2014 fann ein to superjord-planetar i bane kring denne. HD 40307 er ein oransje dverg med seks planetar kring seg. Ei av desse HD 40307 g, er ei potensiell superjord i den habitable sonen.