Greatest Hits av Billy Joel
Wikipedia-artikkel som dekker flere emner / From Wikipedia, the free encyclopedia
Greatest Hits er ei samleplate av Billy Joel, gjeven ut i to delar, med 12 års mellomromm. Den første samlinga består av to plater kalla Volume I og Volume II, og kom ut i 1985. Den andre, kalla Volume III, kom ut i 1997. Alle songane, utanom dei tre siste på Volume III, «To Make You Feel My Love», «Hey Girl» og «Light as the Breeze» var skrivne av Joel. «You're Only Human (Second Wind)» og «The Night Is Still Young» finst berre på den første plata. Dei andre songane kjem stort sett i kronologisk rekkefølgje og representerer generelt dei mest populære singlane til Joel.
Greatest Hits Volume I & Volume II Samlealbum av Billy Joel | ||
Utgjeve | 1. juli 1985 | |
Innspelt | 1973–1985 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 1:53:45 (CD) | |
Selskap | Family Productions/Columbia | |
Produsent | Michael Stewart, Billy Joel, Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
---|---|---|
An Innocent Man (1983) |
Greatest Hits Volume I & Volume II | The Bridge (1986) |
Singlar frå Greatest Hits - Volume I & II | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Rolling Stone Album Guide, 3rd Edition | [treng kjelde] |
Greatest Hits – Volume I & Volume II har selt til dobbelt diamantalbum i USA, med over 11,5 millionar eksemplar (23 millionar einingar) og ligg i USA likt med The Wall av Pink Floyd og Led Zeppelin IV av Led Zeppelin som det tredje mest selde albumet i USA.[2] Albumet nådde toppen av VG-lista i Noreg i 1994, og låg på toppen i fem veker i strekk.
Greatest Hits Volume I & Volume II inneheld hittar frå 1973 til 1985 i kronologisk rekkefølgje, med eitt unntak. Albumet inneheld to spor som ikkje før var gjevne ut, «You're Only Human (Second Wind)» og «The Night Is Still Young» (som berre finst på denne samlinga, medan «You're Only Human» seinare finst på samleplata The Ultimate Collection som kom i 2000). Somme utgåver inneheld ikkje «Honesty» som den siste songen på side 2, og har i staden «Don't Ask Me Why» som den tredje songen på side 3.[3]