Havhest
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Havhest (Fulmarus glacialis) er ein stormfugl som hekkar i Noreg. Dei liknar på måker, men er ikkje i nært slektskap med dei. Havhesten er ca. 48 cm lang, veg ca. 750 gram og har eit vengespenn på 101–112 cm. Den nærskylde sørhavhesten er litt større og har eit vengespenn på 115–120 cm. Begge inngår i gruppa havhestar.
Havhest | |
Havhest | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sterkt truga Utbreiinga av havhest | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Fulmarus |
Art: | Havhest F. glacialis |
Vitskapleg namn | |
Fulmarus glacialis |
Havhesten tar variert animalsk føde, lever av fisk, blekksprut, krepsdyr og åtsel inkludert fiskeslo. Fuglane flyg ute over havet mesteparten av tida, bortsett frå i hekketida.
Talet på havhestar auka i føre hundreåret, men er no minkande. Moglege forklaringar er klimaendringar, mindre tilgang på fiskeslo frå kommersielt fiske, pesticidar, anna toksin og plastfragment som flyt i havet. Havhest er ført opp som sterkt truga på norsk raudliste for artar, 2021.[1]