Hawaiisk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hawaiisk er eit polynesisk språk som saman med engelsk er offisielt språk på Hawaii.[2] Hawaiisk har rundt 1 000 språkbrukarar, og er rekna som eit truga språk.[3] Dei fleste stader på Hawaii er språket blitt erstatta av engelsk som daglegspråk. Den privateigde, skjerma øya Niʻihau er eit unntak der dei rundt 130 innbyggjarane har hawaiisk som førstespråk.[4]
Kjappe fakta
Hawaiisk ‘Ōlelo Hawai'i | ||
Klassifisering | Austronesisk Malayo-polynesisk Austleg Oseanisk Polynesisk Kjernepolynesisk Austpolynesisk Sentralt Markesisk Hawaiisk | |
Bruk | ||
Tala i | USA | |
Hawaiisktalande i alt | 1 000[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | haw | |
ISO 639-3 | haw | |
Wikipedia på hawaiisk |
Close
Talet på hawaiisktalane har minka frå rundt 37 000 ved byrjinga av 1900-talet til rundt 1 000, mange av desse eldre, ved byrjinga av 2000-talet. Dei siste tiåra har det vore aukande merksemd rundt hawaiisk, og det finst no skular som gjev språkopplæring i språket på Hawaii.