Hematopoetisk stamcelletransplantasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hematopoetisk stamcelletransplantasjon (HSCT) er transplantasjonen av multipotente hematopoetiske stamceller, vanlegvis henta frå beinmergen, perifert blod eller navlestrengen. Den kan vere autolog (pasienten sine eigne stamceller) eller allogen (stamceller frå ein donor). Inngrepet høyrer til under felta i hematologi, og vert oftast utført på pasientar med visse krefttypar i blodet eller beinmergen, til dømes myelom eller leukemi. I desse tilfella er det vanleg å øydelegge immunsystemet til mottakaren ved hjelp av stråling eller kjemoterapi før transplantasjon vert utført. Infeksjon og transplantat-mot-vert-sjukdom er blant dei mest alvorlege komplikasjonane ved allogen stamcelletransplantasjon.
Hematopoetisk stamcelletransplantasjon held fram å vere eit farleg inngrep med mange potensielle komplikasjonar; inngrepet er reservert for pasientar med livstrugande sjukdommar. Stadig betre overleving har ført til at bruken har utvida seg utover kreft, og vert stundom bruka ved til dømes autoimmune sjukdommar.[1][2]