Hygge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hygge eller hyggje er ei kjensle av velvære i ein avslappa og venleg atmosfære, gjerne i samvære med familie eller vener. Hygge er ofte knytt til kvardagslege omgjevnader. Som verb er det synonymt med å kosa seg.
Ordet vandra frå norsk til dansk i løpet av 1800-talet. I dansk har ordet fått stor utbreiing og blir der brukt i langt fleire samanhengar enn i norsk, særleg i ordsamband og samansettingar, som hyggeaften, hyggebelysning, hyggefilm, hyggeforfatter, hyggekrog, hyggelampe, hyggelse[1] og råhygge.[2] Det dekker også eit større semantisk felt, særleg der det i norsk er vanlegare å bruka kos, til dømes i utropet «Hyg dig!».
Ordet har vandra vidare frå dansk til engelsk, og i 2016 kåra det britiske ordbokforlaget Collins «hygge» til eitt av årets ti ord i Storbritannia. Frå 2016 blei det gjeve ut fleire bøker på engelsk om hygge som livsstil.