IPad
From Wikipedia, the free encyclopedia
iPad (/ˈaɪpæd/) er eit nettbrett (tablet) laga og produsert av Apple. Den er i hovudsak laga som ei plattform for audio-visuelle media inkludert bøker, magasin, filmar, musikk, spel, og Internett-surfing. Storleiken til iPad er mindre enn ein berbar datamaskin, men samtidig større enn ein smart-telefon. Den køyrer det same operativsystemet som iPhone og iPod touch, nemleg iOS.
| |||
Lansert | Fyrste versjon: 27. januar 2010 Siste versjon: 22. oktober 2013 | ||
---|---|---|---|
Skjerm | 9.7" (2048×1536 px (264 PPI)) | ||
Operativsystem | iOS | ||
Minne | 16/32/64/128GB | ||
Batteri | ca. 10 timar | ||
Nettverk | WiFi (802.11a/b/g/n) | ||
Kopling | Macintosh eller PC via Apples dock-tilkopling og Wifi | ||
Storleik | 240 x 169,5 x 7,5 mm | ||
Vekt | 469/478 gram | ||
Nettstad | http://www.apple.com/no/ipad/ |
Og akkurat som med iPhone og iPod touch vert iPad kontrollert med ein trykkfølsom skjerm (engelsk: touchscreen). iPad har støtte for WLAN(802.11n) og Bluetooth, i tillegg til innebygd 3G-støtte på ei anna type modell. Maskinen har òg maskin-til-maskin-kommunikasjon (M2M) over mobilnettet. iPad skal kunne køyre dei fleste applikasjonane tilgjengeleg i App Store, inkludert iPhone-applikasjonar. Det har samtidig blitt lansert eit program kalla iBooks. Dette er ein e-boklesar liknande Amazon sin Kindle. Ein får kjøpt bøker via iBookstore, som leverer bøker i ePub-format. I tillegg til ePub-filer, kan iBooks lese PDF-filer.
Allereie i fjerde kvartal 2010 hadde 150 000 personar i Noreg tilgang til ein iPad, ifølgje ei undersøking av TNS Gallup, som rekna seg fram til at om lag 500 000 i Noreg kom til å eige ein iPad ved slutten av 2011.[1]
Maskina har ein bakgrunnsbelyst LED-skjerm er 25 cm stor (diagonalt) med XGA-oppløysing. Den første versjonen hadde ikkje støtte for multitasking for applikasjonar kjøpt i App Store, men vart introdusert i november 2010 [2] saman med lanseringa av iOS 4.2.