Improvisert bombe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Improvisert bombe eller vefbombe (engelsk improvised explosive device, IED) er ei bombe som til dels er laga under relativt primitive tilhøve, i motsetnad til produksjonstilhøva hjå kommersielle fabrikantar av landminer og andre sprenglekamar.[1]
Den enkelte bomba kan samansetjast av militære sprenglekamar, til dømes ein artillerigranat, som vert kopla til ein utløysar. Improviserte bomber er vorte nytta til terroristhandlingar, og dessutan ukonvensjonell krigføring som gerilja eller av kommandosoldatar. Det er ikkje uvanleg å plassera improviserte bomber ved vegar for detonering når køyretøy eller fotgjengarar passerer. Denne typen bomber vert difor kalla «vegkantbomber» (engelsk roadside bombs). Dei kan utløysast ved hjelp av lys-sensor, elektrisk kabel, lunte eller radiosignal.
Større, kraftigare improviserte bomber vert òg plasserte i bilar, i det føremålet å skada dei som er nær bilen. Då vert bomba kalla ei bilbombe, og ho kan utløysast av ei vekkjarklokke, sentrallåsen, tenninga eller ein fjernkontroll.
- SVBIED står for Suicide Vehicle Born Improvised Explosive Device - Sjølvmordangrep med improvisert bilbombe eller anna køyretøy.
- RCBIED står for Remote Control Born Improvised Explosive Device - Improvisert bombe ført av drone eller anna fjernstyrt køyretøy.