In Amenas
From Wikipedia, the free encyclopedia
In Amenas (òg skrive In Aménas) er ein baladiyah (kommune) i daïraen (distriktet) In Amenas i wilayaen (provinsen) Illizi i det austlege Algerie, tett ved grensa til Libya. Arealet er på 14913 kvadratkilometer og innbyggjartalet er på 7385 (2008).[1] Kommunen var skipa på slutten av 1950-talet etter at det vart oppdaga førekomstar av hydrokarbon som førte til utbygginga av store olje- og gassanlegg i 1960-åra. Mange av innbyggjarane i kommunen er tuaregar.
In Amenas | |||
kommune | |||
Land | Algerie | ||
---|---|---|---|
Areal | 14,913 km² | ||
Folketal | 9 225 (2013) | ||
In Amenas 28.05°N 9.55°E / 28.05; 9.55 | |||
Wikimedia Commons: In Amenas | |||
In Aménas ligg i eit ørkenområde og klimaet er eit varmt subtropisk ørkenklima. Somrane er heite, vintrane er milde om dagane og kjølige om nettene, med temperaturar som i somme høve går under 0 °C.
Flyplassen for området er Aéroport de Zarzaitine - In Aménas. Bysentrum ligg sju kilometer vest for flyplassen. Området er elles knytt til vegnettet i landet over route nationale 3, og det er elles mange vegar som knyter produksjonsanlegg og bustadområde saman.