Istanbul
From Wikipedia, the free encyclopedia
Istanbul (İstanbul) er den største byen i Tyrkia, med kring 13 millionar innbyggjarar og er det økonomiske, kulturelle og historiske hjartet i landet. Byen er det nest største storbyområdet i Europa og av dei største byane i verda.[1][2][3] Byen dekkjer eit stort område på 5 343 km², som samsvarar med provinsen Istanbul, som byen er setet for. Byen ligg på begge sider av Bosporos, eit av dei travlaste sunda i verda, nordvest i Tyrkia, mellom Marmarahavet og Svartehavet, og er slik ein interkontinental by. Handelssenteret og det historiske senteret i byen ligg i Europa, medan ein tredjedel av innbyggjarane bur på den asiatiske sida.[4]
Istanbul | |||
by | |||
Galata (framgrunnen) og Sarayburnu (bakgrunnen) heilt aust på eine halvøya i Istanbul. Prinseøyane ligg i horisonten til venstre. | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Marmararegionen | ||
Provins | Istanbul | ||
Koordinatar | 41°00′19″N 28°58′38″E | ||
Areal | 5 343 km² | ||
Folketal | 13 483 052 [1] | ||
Folketettleik | 2 523 / km² | ||
Grunnlagd | |||
- - Byzantium | ca. 660 fvt. | ||
- - Konstantinopel | 330 evt. | ||
- - Istanbul | 1930 (offisielt) | ||
Borgarmeister | Ekrem İmamoğlu | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 34000 til 34850 | ||
Retningsnummer | (+90) 212 (europeisk side) (+90) 216 (asiatisk side) | ||
Istanbul 41.01°N 28.960277777778°E / 41.01; 28.960277777778 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Istanbul | |||
Nettstad: Offisiell nettstad | |||
Byen vart grunnlagd på neset Sarayburnu kring 660 fvt. som Byzantium, og byen som no er kjend som Istanbul utvikla seg til å verte ein av dei viktigaste gjennom historia. I nesten 1500 år etter at han vart grunnlagd på ny som Konstantinopel i 330 evt, har han vore hovudstad for fire imperium - Romarriket (330–395), Austromarriket (395–1204 og 1261–1453), Det latinske riket (1204–1261), og Det osmanske riket (1453–1922).[5] Byen var medverkande til at kristendomen steig fram under romar- og austromartida, før osmanane erobra byen i 1453 og omgjorde han til ein islamsk skanse og setet for det siste kalifatet.[6] Sjølv om Republikken Tyrkia la hovudstaden sin til Ankara er den tidlegare sentrale rolla til Istanbul framleis godt synleg gjennom byen med palass og store moskear langs åsane.
Den strategiske plasseringa til Istanbul langs den historiske Silkevegen,[7] med jernbanenettverk til Europa og Midtausten, og den einaste sjøvegen mellom Svartehavet og Middelhavet, har medverka til at det utvikla seg ein mangfaldig folkesetnad i byen. Innbyggjartalet i byen har tidobla seg sidan 1950-åra etter at innflyttarar frå heile Anatolia har samla seg i i og kring byen.[8][9]
Sju millionar utanlandske turistar vitja Istanbul i 2010, som vart kåra til europeisk kulturhovudstad det året. Dette gjorde byen til det tiande mest populære turistmålet i verda.[10] Det største turistmålet i byen er framleis det historiske sentrumet, som delvis ligg på verdsarvlista til UNESCO, men ein finn kultur- og underhaldningssenter ander stader i byen som den naturlege hamna, Det gylne hornet, i bydelen Beyoğlu. Han vert rekna som ein global by,[11] og fleire tyrkiske føretak har hovudkvartera sine her og står for meir enn ein fjerdedel av bruttonasjonalproduktet i landet.[12] Istanbul håpar å utnytte denne revitaliseringa og snøgge utvidinga han har opplevd og har levert søknad som vertskapsby for sommar-OL 2020.[13]
I dag bur det flest muslimar her, men byen er òg sete for Den ortodokse kyrkja i Konstantinopel.