Itháki
From Wikipedia, the free encyclopedia
Itháki (gresk skrift Ιθάκη) eller Ithaka (Ithaca vert òg nytta på fleire språk), er ei av dei Dei joniske øyane i Hellas. Ho ligg utanfor nordaustkysten av Kefaloniá og har eit flatevidd på 96 km² og om lag tre tusen innbyggjarar.
Kjappe fakta Itháki Lokalt namn Ιθάκη, Geografi ...
Itháki Lokalt namn Ιθάκη | |
---|---|
Utsyn over den sørlege delen av øya, med hovudbyen Vathý | |
Geografi | |
Stad | Det joniske havet |
Koordinatar | 38°22′N 20°43′E |
Øygruppe | Dei joniske øyane
|
Areal | 117,8 km²
|
Høgaste punkt | Niríto (806 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei joniske øyane Itháki |
Største busetnad | Vathý (1 676 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 2 862 (2021[1]) |
Folketettleik | 24,3 /km² |
Lukk
Øya var tidlegare ein kommune i prefekturet Kefaloniá, men frå 2011 er Itháki den einaste kommunen i periferieininga Itháki i periferien Dei joniske øyane.[2] Kommunen Itháki inneheld i tillegg nokre mindre øyar, mellom anna Arkoúdi, Átokos og delar av øygruppa Ekhinádes. Hovudbyen Vathý har ei av dei største naturlege hamnene i verda.