Jeriko
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jeriko (arabisk أريحا, ʾArīḥā; hebraisk יריחו Yeriẖo) er ein by nær Jordanelva på Vestbreidda. Han er det administrative setet i Jeriko guvernement. I 2007 var folketalet 18 346.[2] Byen var okkupert av Jordan frå 1949 til 1967, og så av Israel frå 1967 til 1994, då den adminsitrative kontrollen vart gjeve over til Dei palestinske sjølvstyresmaktene.[3][4] Ein trur at byen er ein av dei eldste busette byane i verda.[5][6][7]
Jeriko | |||
أريحا, יריחו, al-Awja | |||
kommune | |||
Jeriko | |||
Namneopphav: Velluktande | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jeriko guvernement | ||
Koordinatar | 31°51′N 35°27′E | ||
Areal | 58,7 km² | ||
Folketal | 18 346 (2007) | ||
Folketettleik | 313 / km² | ||
Grunnlagd | 9600 fvt. | ||
- grunnlagd 1 | 1994 | ||
Borgarmeister | Hassan Saleh[1] | ||
Jeriko 31.856111111111°N 35.463055555556°E / 31.856111111111; 35.463055555556 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Jericho | |||
Nettstad: www.jericho-city.org | |||
Arkeologar har avdekt funn frå meir enn 20 etterfølgjande busetjingar i Jeriko, den første er datert til å vere 11 000 år gammal (kring 9000 fvt.),[8][9] nesten til byrjinga av holocen-epoken i historia til jorda.[10][11]
Jeriko er skildra i Bibelen som «Palmebyen». Det finst mange kjelder i og kring byen som har trekt til seg menneske i tusenvis av år.[12]