Kalving i glasiologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kalving er når store bitar av is lausnar frå kanten av ein isbre[1] Det er ein form for isablasjon eller isforstyrring. Isen slepp brått taket og bryt laus frå ein isbre, isfjell, isfront, isbrem eller bresprekk. Isen som bryt laus kan klassifiserast som eit isfjell, men kan òg vere ein growler eller mindre.[2]
Når isbreane kalvar oppstår det gjerne eit høgt brak eller drønn[3] før isblokker opp til 60 meter høge bryt laus og styrtar ut i vatnet. Når isen treff vatnet vert det skapt store, og ofte farlege, bølgjer.[4] Bølgjene som vert danna på stader som ved Johns Hopkins-breen kan verte så store at båtar ikkje kan gå nærare enn 3 km. Desse hendingane har vorte store turistattraksjonar i stader som Alaska.
Mange brear endar ved havet eller innsjøar som har oppstått naturleg[5] med kalving av store mengder isfjell. Kalving frå isbreane på Grønland produserer 12 000 til 15 000 isfjell kvart år.[6]
Kalving frå isbremmar oppstår som regel frå sprekker.[7] Dette skjer heller sjeldan.