Kanga
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kanga, også kalla khanga og leso, er eit fargerikt bomullsklede frå området rundt Dei store sjøane i Afrika som liknar kitenge, men er lettare. Kledet er rundt 1,5 meter langt og 1,1 meter breitt, og har ei utforming som skil det frå andre afrikanske klede.[1] Det har ofte eit sentralt motiv (swahili mji) med border i ei anna utforming (pindo) rundt. Under midtmotivet kan det ha ein kort tekst, jina ('namn'). Mønstera er trykte i sterke fargar og kan vera inspirerte av natur eller visa personar.[1]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kanga (fleirtyding).
- Må ikkje forvekslast med kangha.
Kanga er rekna som nasjonaldrakt i Tanzania.[2] Han blir særleg brukt av kvinner og ein del av menn. Det blir gjerne selde i par, slik at ein kan laga sett av dei. Namnet «kanga» skal koma av at det opphavlege spetta svarte og kvite mønsteret på kleda likna det til perlehøns,[1] som også heiter kanga på swahili.[3]