Kasuarar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kasuarar (Casuarius) er ei biologisk slekt av tre særs store nolevande strutsefuglar utan flygeevne. Namnet "kasuar" kjem frå malayisk språk.[1] Utbreiinga er i hovudsak Ny-Guinea, men òg nærliggande øyar, dessutan finst ein art i nordaustlege Australia. Dette er dei største landdyra i området. Toflikkasuar er òg den tredje høgste og nest tyngste nolevande fuglen i verda, berre struts og emu er høgare fuglar. Hos mange taksonomiar er Casuarius einaste slekta i den biologiske familien Casuariidae.
Kasuarar | |
Toflikkasuar, Casuarius casuarius, Foto: Scott Hamlin | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Infraklasse: | Palaeognathae |
Orden: | Casuariiformes |
Familie: | Casuariidae |
Slekt: | Kasuarar Casuarius Brisson, 1760 |
Føde for desse fuglane er hovudsakleg frukt, sjølv om alle tre artar er altetarar og vil ta ei rekkje anna plantekost inkludert skot, grasfrø og sopp i tillegg til virvellause dyr og små virveldyr.