Kfar Adumim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kfar Adumim (hebraisk skrift כְּפַר אֲדֻמִּים, tyder Raud landsby) er ein blanda religiøs og sekulær, kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Judeaørkenen og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 500. Khan al-Ahmar, ein beduinleir, ligg mellom Kfar Adumim og Ma'ale Adumim.[2] Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]
Kjappe fakta Land, Region ...
Kfar Adumim | |||
כְּפַר אֲדֻמִּים, כפר אדומים | |||
landsby | |||
Land | Vestbreidda | ||
---|---|---|---|
Region | Judeaørkenen | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Kommune | Mateh Binyamin | ||
Koordinatar | 31°49′26.4″N 35°20′6″E | ||
Folketal | 4 674 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | September 1979 | ||
Kfar Adumim 31.824°N 35.335°E / 31.824; 35.335 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Adumim | |||
Lukk
Kfar Adumim vart grunnlagd i september 1979.[4]