Koronapandemien
global pandemi med koronavirussjukdommen covid-19 / From Wikipedia, the free encyclopedia
Koronapandemien, koronaviruspandemien eller covid-19-pandemien er eit verdsomspennande utbrot av luftvegsinfeksjonen covid-19. Sjukdommen blei fyrst konstatert i desember 2019 i millionbyen Wuhan i den kinesiske provinsen Hubei. I løpet av januar 2020 utvikla han seg til ein epidemi i delar av Kina, og spreidde seg så til heile verden som ein pandemi. WHO erklærte utbrotet som ei internasjonal folkehelsekrise den 11. februar 2020,[2] og som ein pandemi 11. mars.[3]
Aktuell hending: Denne artikkelen inneheld informasjon om ei aktuell hending. Informasjonen kan derfor vere utdatert, bli endra eller innehalde feil. |
Utbrot per kapita i ulike land. ██ > 100 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 30–100 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 10–30 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 3–10 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 1–3 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ 0,3–1 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ > 0–0,3 tilfelle per 1000 innbyggjarar ██ Ingen rapporterte tilfelle/ingen innbyggjarar | |||
Dato | 17. november 2019– | ||
---|---|---|---|
Stad | Opphav i Wuhan i Hubei i Kina | ||
Døde | 15–26 millionar[1] (estimated) |
Utbrotet kom av eit nytt koronavirus, SARS-CoV-2.[4][5][6] Symptom på covid-19 kan vera alt frå umerkelege til døyelege. Dei vanlegaste er feber, smitte og trøttleik. Sjukdommenm smittar ved at ein pustar inn luft som inneheld små dropar og luftborne partiklar som inneheld viruset.[7] Risikoen for å pusta inn desse er høgast når folk er nær kvarandre, men dei kan også smitta over ein del avstand, særleg innomhus. Smitte kan også skje via væske som når auge, nase eller munn, og i sjeldne høve via overflater. Folk som er smitta kan vanlegvis smitta vidare i ti dagar, og kan spreia viruset sjølv om dei sjølv ikkje har symptom. Mutasjonar har danna fleire variantar av viruset som har ulik grad av smittsamheit og sjukdomsutvikling.[8][9]
Inkubasjonstida, perioden mellom smittetidspunktet og sjukdomsutbrot, er vanlegvis fem dagar, men kan variera frå to til fjorten dagar.[10][11] Komplikasjonar av sjukdommen kan vera lungebetennelse og acute respiratory distress syndrome (ARDS). Det finst ingen vaksine eller spesifikk antiviral behandling mot viruset, men dette blir forska på. Tiltak mot utbrotet går ut på å behandla og lindra symptom. Tilrådde tiltak for å hindra spreiing omfattar grundig handvask, å halda avstand frå andre folk, særleg dei som er sjuke, og overvaking og sjølv-isolering i fjorten dagar for dei som mistenkjer at dei er smitta.[12][10][13]
Offentlege tiltak mot spreiing har mellom anna gått ut på å hindra eller avgrensa reise, portforbod, karantene, stenging av skular og avlysing av større arrangement. Utbrotet har ført med seg sosial og økonomisk uro,[14][15] tilfelle av xenofobi og rasisme mot folk av kinesisk eller austasiatisk utsjånad,[16][17][18][19][20] og spreiing av feilinformasjon og konspirasjonsteoriar om viruset på nettet.[21][22][23]