Kulehop
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kulehopar er kuleforma samlingar av stjerner. Dei kan innehalda millionvis av stjerner og òg ofte nokre av dei eldste stjernene i universet. Det var før trudd at alle stjernene i ein kulehop var av same alder, men seinare studier har vist at i alle fall kulehopen NGC 2808 har tre generasjonar av stjerner, og at òg kulehopen Omega Centauri har fleire generasjonar stjerner.[2] Desse kan likevel vera rester etter dverggalaksar som har blitt slukt av Mjølkevegen.[2]
I Mjølkevegen finst det over 200 kulehopar.[1]