Magnisía
From Wikipedia, the free encyclopedia
Periferieininga Magnisía (gresk Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας, Periferiakí enótita Magnisías) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Vólos. Prefekturet Magnisía vart oppretta i 1947 ut av Lárisa prefektur. Om lag 70 % av innbyggjarane bur i storbyområdet rundt Vólos, som er den nest største byen i Thessalía og den tredje travlaste hamnebyen i Hellas.
Meir informasjon Periferieininga Magnisía Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας ...
Periferieininga Magnisía Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας | |
---|---|
| |
Periferi | Thessalía |
Hovudstad | Vólos |
Folketal | 177 448 (2021[1]) |
Areal | 2 351 km² |
Folketettleik | 75/km² |
Kommunar | 5 |
Postnummer | 37x xx - 38x xx |
Retningsnummer | 242x0 |
Bilnummer | BO |
Heimeside | www.magnesia.gr |
Close
Tidlegare inkluderte prefekturet Magnisía øyane Skiáthos, Skópelos og Alónnisos i Dei nordlege Sporadane, men frå 2011 er dei skilt utsom ei eiga periferieining, Sporadane.
Grunnstoffa magnesium og mangan, og dessutan omgrepet magnetisme er kalla opp etter Magnisía.