Marion
From Wikipedia, the free encyclopedia
Marion er ei fransk kjæleform for Maria frå mellomalderen. Namnet er mykje brukt som kvinnenamn, men finst òg som avleidd slektsnamn. Marion er og brukt som mannsnamn i nokre høve, anten avleidd frå slektsnamnet eller som ei form av Marian, frå det latinske Marianus.[1] Ein kjend namneberar i kulturen er Lady eller Maid Marion (også skrive Marian) som sogefiguren Robin Hood er kjær i.