Masirah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Masirah eller Mazeira (arabisk مصيرة) er ei øy utafor austkysten av Oman. Ho er 95 km lang frå nord til sør og mellom 12 og 14 km brei, med eit areal på 649 km², og kring 12 000 innbyggjarar fordelt på 12 landsbyar. Dei fleste landsbyane ligg nord på øya. Administrativt utgjer øya ein av elleve provinsar (arabisk ولاية, wilaya) i Ash Sharqiyah Sør guvernement. Den største landsbyen er Ras-Hilf, som ligg nord på øya. Her ligg ein flybase for det omanske luftforsvaret og ein fiskefabrikk. Tidlegare hadde BBC ein reléstasjon for radiosendarar der. Det indre av øya er stort sett ørkenområde. Ein kan berre kome til øya med bilferje eller med fly frå luftforsvaret.
Masirah | |||
مصيرة | |||
øy | |||
Land | Oman | ||
---|---|---|---|
Region | Ash Sharqiyah Sør guvernement | ||
Wilayah (Provins) | Masirah | ||
By | Ras-Hilf | ||
Stad | Arabiahavet | ||
- koordinatar | 20.471111°N 58.815278°E / 20.471111; 58.815278 | ||
Lengd | 95 km | ||
Areal | 649 km² | ||
Folketal | 12 000 | ||
Folketettleik | 18 / km² | ||
Masirah 20.471111111111°N 58.815277777778°E / 20.471111111111; 58.815277777778 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Masirah Island | |||
Hovudnæringane er fiske og tradisjonell tekstilproduksjon. Tidlegare var òg båtbygging ei viktig næring.