Maske
From Wikipedia, the free encyclopedia
Maske er eit ansiktplagg, eit laust dekke framfor ansiktet, ein kan bruka som vern, kamuflasje eller i samband med rituale, opptredenar, underhaldning og leik. Ein har brukt masker sidan oldtida og over heile verda, både til praktiske og seremonielle føremål. Dei har vanlegvis dekt delar av eller heile ansiktet, men i nokre høve òg andre delar av kroppen. I delar av Australia har ein nytta enorme totemmasker som dekkjer heile kroppen, og inuittkvinner nytta fingermasker under forteljing og dans.[1]
Den eldste kjende maska som er funnen av arkeologien er ei 5000 år gammal maske frå Mesopotamia.[2] Gjennom historia har tilhøvet mellom maske og person vore omskifteleg og tvitydig. Masker har vore brukt til å framstilla det guddommelege, det demoniske, det avskyelege og det latterlege. Masker skjuler det ekte ansiktet og representerer dermed noko falskt og overflatisk. Samstundes kan masker gjera tydeleg og overdriva menneskelege trekk på ein måte det normale ansiktet ikkje kan.
På grunn av den store ekspressive krafta si har masker vore brukt i teater i meir enn tre tusen år. I det greske teateret i antikken gjekk bruken av masker tilbake til den gamle religiøse dionysoskulten. Medlemmane av koret bar same type masker, som var heilt ulike frå dei til hovudskodespelarane.[3] I nordaustlege Asia, særleg Kina, Korea og Japan, har bruken av masker vore gjennomgripande i kulturen og samfunnet, brukt i religiøse ritual, i teateret og i dagleglivet.