Mesoplodon traversii
pattedyrart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Mesoplodon traversii er ein spissnebbkval først oppdaga i 1872.
Mesoplodon traversii | |
Teikna rekonstruksjon av kvalen og eit menneske. | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Datamangel Utbreiinga av Mesoplodon traversii | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Parvorden: | Tannkvalar Odontoceti |
Familie: | Nebbkvalfamilien Ziphiidae |
Underfamilie: | Hyperoodontinae |
Slekt: | Mesoplodon |
Art: | M. traversii |
Vitskapleg namn | |
Mesoplodon traversii |
Den blir i dag rekna som verdas mest sjeldsynte kvalart. Ein veit svært lite om arten.[1] Arten har ikkje noko offisielt norsk namn.
Det første funnet av arten var eit kranium i 1872 på New Zealand.
Nok eit kranium vart funne på 1950-talet på White Island òg på New Zealand. Det var først ikkje skildra, men vart seinare rekna med å komme frå ein ginkgo-toothed beaked whale (Mesoplodon ginkgodens)).[2]
I 1986 vart eit øydelagt kadaver funne skylt opp på ei stand på Robinson Crusoe Island utanfor Chile. Kadaveret vart handsama som ein ny art, Mesoplodon bahamondi eller Bahamondespisskval.[3] Sidan dette var ei feilaktig skildring av ein alt eksisterande art er dette namnet ikkje lenger i bruk.
I 2010 stranda det eit mor med unge på New Zealand. I 2012 vart det påvist gjennom DNA-analyse at dei tilhøyrde arten Mesoplodon traversii. Dette var den første virkaplege observasjon av heile dyr. Til no har ein ikkje observert levande dyr.