Metamorfose i geologi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Metamorfose er ei omvandling av mineral eller geologisk tekstur (korleis minerala er arrangert) i eksisterande bergartar (protolittar), utan at protolitten har blitt smelta til flytande magma.[1] Omvandlinga skjer hovudsakleg på grunn av varme, trykk og tilføring av kjemisk aktive væsker. Kjemiske komponentar og krystallstrukturar hos mineral som utgjer bergarten kan endre seg sjølv om fjellet er fast. Endringa ved og like under jordoverflata på grunn av forvitring og/eller diagenese vert ikkje rekna som metamorfose.[2] Metamorfose skjer vanlegvis mellom diagenese på 200 °C og smelting på 850 °C.[3]
Det finst tre typar metamorfose: Kontakt-, dynamisk og regional metamorfose. Metamorfose skapt av aukande trykk og temperatur vert kalla prograd metamorfose. I det motsette tilfellet med fallande temperatur og trykk vert det kalla retrograd metamorfose.