Mette Bergmann
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mette Bergmann (fødd 9. november 1962) er ein norsk tidlegare diskoskastar frå Kråkerøy i Fredrikstad. Frå 1984 til 2000 vann ho NM i diskoskast 17 gonger på rad. Den beste plasseringa hennar frå internasjonale meisterskap er bronseplassen i EM i 1994. Bergmann har hatt den norske rekorden i diskos for kvinner sidan 1984 og forbetra han mange gonger. Den gjeldande rekorden på 69,68 m. sette ho i Florø i 1995. Sleggjekast for kvinner vart NM-øving i 1996 og ho deltok i dei fem fyrste NM-tevlingane i øvinga og tok medalje kvar gong; ein gull, to sylv og to bronse. Bergmann er utdanna sjukepleiar.
Kjappe fakta
Mette Bergmann | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. november 1962 (61 år) Kråkerøy |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Close