Middleton Railway
From Wikipedia, the free encyclopedia
Middleton Railway er den eldste offentlege jarnbana i verda i kontinuerleg drift,[1] og ligg i den engelske byen Leeds. Banen vart grunnlagd i 1758 som ein bane for transport av kolvogner med hestar. I 1812 vart lokomotivet Salamanca det første kommersielle damplokomotiv som fungerte vellukka. Dette lokomotivet hadde tannhjul som dreiv toga fram på tannstenger som gjekk langs skinnar. Seinare vart banen ombygd til konvensjonell adhesjonsbane.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Middleton Railway er i dag ei museumsjarnbane, og har vore i drift sidan 1960. Han vert driven av frivillige organisert gjennom Middleton Railway Trust Ltd. Toga går på den rundt 1,6 km lange strekninga mellom Moor Road i Hunslet og Park Stansa i utkanten av Middleton Park.