Nasiriyah
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nasiriyah (arabisk الناصرية; An Nāşirīyah; òg skrive Nassiriya eller Nasiriya) er ein by i Irak. Han ligg ved breidda av Eufrat, kring 370 km søraust for Bagdad, nær ruinane av oldtidsbyen Ur. Han er hovudstad i Dhi Qar guvernement. I 2003 hadde byen kring 560 000 innbyggjarar, og var den fjerde største byen i Irak.[1] Han hadde ein religiøs mangfaldig folkesetnad av muslimar, mandearar og jødar tidleg på 1900-talet,[2] men i dag er innbyggjarane hovudsakleg sjiamuslimar.[1]
Nasiriyah | |||
الناصرية | |||
by | |||
Nasiriyah sentrum | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Dhi Qar | ||
Distrikt | Nasiriyah | ||
Koordinatar | 31°03′N 46°16′E | ||
Folketal | 860 200 (2012) | ||
Grunnlagd | 1872 | ||
Nasiriyah 31.043888888889°N 46.2575°E / 31.043888888889; 46.2575 | |||
Wikimedia Commons: Nasiriyah | |||
Nasiriyah vart grunnlagd av Muntafiq-stamma seint på 1800-talet under osmanarane.[3] Han har sidan blitt eit stort trafikknutepunkt.[1] Nasiriyah er òg eit senter for daddeldyrking og andre næringar i byen er båtbygging, teppeveving og sølvarbeid.[4] Bymuseet har ei stor samling av sumerisk, assyriske, babylonske og abbasidiske ting. Ruinane av oldtidsbyane Ur og Larsa ligg i nærleiken.