Nebbkval
pattedyrart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Nebbkval (Hyperoodon ampullatus) er ein tannkval i spisskvalfamilien. Han er nært i slekt med sørnebbkvalen, som lever på den sørlege halvkula, men denne vert rekna som ein eigen art. Nebbkvalen lever i Nord-Atlanterhavet, både på amerikansk og europeisk side. I europeiske farvatn lever han frå Gibraltar i sør til Svalbard i nord. Han fyller ei snever nisje i økosystemet, ved å leva hovudsakleg av blekksprut av slekta Gonatus. Han fangar maten sin hovudsakleg nær havbotnen, på djupner heilt ned til 1400 meter.[1] Det vart drive kommersiell kvalfanst på nebbkvalen frå 1850-åra til 1970-åra. 80 000 individ vart fanga totalt.[2] Det meste av fangsten på arten vart driven frå Noreg, men Noreg avslutta denne fangsten i 1973.[1] Bestanden i norske farvatn har teke seg opp att etter fredninga, men har truleg endå ikkje nådd nivået frå før fangsten tok til.[2]
Nebbkval | |
Nebbkval | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Status i Noreg: Livskraftig Utbreiinga av nebbkval | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Nebbkvalfamilien Ziphiidae |
Slekt: | Hyperoodon |
Art: | Nebbkval H. ampullatus |
Vitskapleg namn | |
Hyperoodon ampullatus Forster, 1770 |