Ninive guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ninive guvernement (arabisk نینوى, også translitterert Ninawa) er eit guvernement nord i Irak kring den assyriske oldtidsbyen Ninive. Det var ein viktig del av Assyria frå 2400-talet fvt. til 600-talet evt. Det har eit areal på 37 323 km² og kring 2,5 millionar innbyggjarar. Den største byen og provinshovudstaden er Mosul, som ligg på andre sida av Tigris frå ruinane av oldtidsbyen Ninive. Tal Afar er den nest største byen. Før 1976 vart det kalla Mosul guvernement og omfatta dagens Dohuk guvernement.
Ninive guvernement | |||
guvernement | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 36°0′N 42°28′E | ||
Hovudstad | Mosul | ||
Areal | 37 323 km² | ||
Folketal | 3 270 422 (2011)[1] | ||
Folketettleik | 88 / km² | ||
Guvernør | Nofal Hammadi | ||
Nineveh guvernement 36°N 42.466666666667°E / 36; 42.466666666667 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Nineveh Governorate | |||
Området er etnisk, religiøst og kulturelt mangfaldig og har vore utsett for åtak frå terroristorganisasjonen Den islamske staten, som erobra Mosul 10. juni 2014, og øydela mange religiøse stader og historiske ruinar og monument.[2] Ein massiv offensiv for å ta attende byen vart sett i gang i oktober 2016.[3][4]