Oter
rovpattedyr / From Wikipedia, the free encyclopedia
Oter eller europeisk oter (Lutra lutra) er eit dyr som lever delvis i vatn, delvis på land. Det er eit rovdyr i mårfamilien. Globalt finst fleire oterartar langs kystane av den nordlege halvkula. Verdifull pels og skotpremiar sette oterbestanden i fare og i 1982 vart oteren totalfreda. I dag ser den norske oterbestanden ut til å vere i framgang, særleg frå Møre og nordover.[2]
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Oter (fleirtyding).
Oter | |
Europeisk oter Lutra lutra | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av oter | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Overfamilie: | Musteloidea |
Familie: | Mårfamilien Mustelidae |
Underfamilie: | Lutrinae |
Slekt: | Lutra |
Art: | Oter L. lutra |
Vitskapleg namn | |
Lutra lutra |
Oteren sin diett består i hovudsak av fisk, men òg krepsdyr, amfibiar, fuglar, smågnagarar og haredyr vert etne. Oteren er glad i oppdrettslaks og kjem ofte i konflikt med fiskeoppdrettarar.