Planetarisk tåke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Planetariske tåker er emisjonståker som blir danna når stjerner med nokre solmassar kastar av seg dei ytre laga av plasma medan dei døyr. Atoma i tåka blir ioniserte av den sterke strålinga frå stjerna i midten som er ein kvit dverg. Når iona tek opp att elektron blir det sendt ut lys som resulterer i den synlege tåka.[1]
Planetariske tåker ekspanderer medan den sentrale stjerna blir svakare og er difor kortvarige; ein reknar med at levetida kan målast i titusenar av år. [1]
Namnet kjem av at mange planetariske tåker kunne sjå ut som planetar i teleskopa på 1700-talet.[1]