Poltava
From Wikipedia, the free encyclopedia
Poltava (ukrainsk og russisk Полта́ва; polsk Połtawa) er ein by i Poltava oblast i det sentrale Ukraina, og som ligg ved elva Vorskla på 132 moh. Byen har eit flatemål på 130 km² og kring 300 000 innbyggarar (2011).
Poltava | |||
Полтава | |||
by | |||
Den heilage krossen-klosteret og Khrestovozolvizjenskyj-kyrkja | |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Poltava oblast | ||
Rajon | Oktiabrskyj rajon, Kyivskyj rajon, Leninskyj rajon | ||
Del av | Q12141874 | ||
Koordinatar | 49°35′22″N 34°33′05″E | ||
Areal | 103 km² | ||
Folketal | 298 652 (2011) | ||
Folketettleik | 2 900 / km² | ||
Grunnlagd | 899 | ||
Borgarmeister | Oleksandr Mamaj | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 36000—36499 | ||
Retningsnummer | +380-532 | ||
fri | CK, BI | ||
Poltava 49.589444444444°N 34.551388888889°E / 49.589444444444; 34.551388888889 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Poltava | |||
Nettstad: www.rada-poltava.gov.ua | |||
Ved byen finst det kulturminne frå yngre steinalder, og frå Skytia. Òg den protobulgarske khanen Kubrat si grav har vorte funnen i området. Byen er nemnd første gong i 899. Området låg under Storhertugdømet Litauen frå 1300-talet og kom under polsk styre 1569 gjennom unionen Polen-Litauen. Poltava vart plyndra i 1648 av den rutensk-polske magnaten Jeremi Wiśniowiecki. Poltava var base for eit viktig kosakkregiment. I 1667 vart byen overført til Det russiske imperiet. 8. juli 1709 stod slaget ved Poltava utanfor byen, dette var eit av dei avgjerande slaga i den store nordiske krigen.