Prinsesse Zelda
From Wikipedia, the free encyclopedia
Prinsesse Zelda (プリンセス ゼルダ, Purinsesu Zeruda) er ein oppdikta dataspelfigur frå The Legend of Zelda-serien. Ho er medlem av kongefamilien i Hyrule og speler ei viktig rolle i historia til kongeriket.[1] Sjølv om namnet hennar er i tittelen på serien, kontrollerer spelaren protagonisten Link.[2]
På eit eller anna vis blir Zelda ofte kidnappa eller fengsla av Ganon, i nokre spel òg kjend som Ganondorf.[2] Zelda opptrer i nokre spel som ein av dei vise, og ho har òg i seinare spel vorte framstilt som ein profet. Skaparen av Zelda-spela, Shigeru Miyamoto, har sagt at namnet var inspirert av Zelda Fitzgerald, kona til forfattaren F. Scott Fitzgerald.[3]